Framsida Finne fram Tomter Bilder  
  Info Aktiviteter Kontakt Bildekarusell  

Lauvlie hyttefelt. Tomter til sals og/eller bygsla.
 
Hyttefeltet sett frå sørvest i påska
Pek på bildet for å sjå området som er regulert.
 

I innfallsporten til Hardangervidda ligg LAUVLIE hyttefeltet høgt og fritt, 950 m.o.h.  i nordenden av Skirvedalen mellom Veggli i Numedal og Austbygda i Tinn kommune i Telemark.   Her ligg det klart for hyttetomter i eit roleg og turvennleg  område like i utkanten av eit freda landskapsområde.

Hyttefeltet  ligg i ei sør/vestvendt granli, har lang soldag med "kjempeutsikt" til to store vide opne seterdalar: Skirvedalen – mot sør - og Nystauldalen – mot nordvest.  Sjå bilder
Det er om lag fem kvarter køyring frå Kongsberg anten ein køyrer Numedal (mot Geilo) om sumaren, eller Bolkesjø/Hovin i vinterhalvåret

Storleiken på tomtene er frå vel 900 m2 til vel 1500 m2. Det er lagt opp til sal i første omgang, tomtene er planlagde med høg standard: Veg, vatn frå borbrønn, kloakkrensing, straum og høve til å knyte seg på fiberoptisk breiband. Sjå elles heimesida til Tinn kommune: , der du kan finne linkar til tomteutbygginga og elles interessante sider ved kommunen. Sjå også heimesida til Austbygda. www.austbygde.no

Sommerbilde over hytteområdet og omegn
Tomteområdet og omegn